I mangel av noko betre å gjere lasta eg opp ein reklamefilm eg laga forrige semester.
Det skal vere ein reklame for Curran joggesko.
Panasonic DVX100, Sgpro 35mm adapter, 50mm f1.8, 105mm f2.5, 20-35mm f2.8
http://pettersen-prod.com/Curran_reklame_web.mov
laurdag 16. august 2008
måndag 16. juni 2008
Heimalaga Tilt/Shift objektiv
For eit par månadar sidan lagde eg eit tilt-shift objektiv. Eg skreiv i tillegg ein guide på korleis eg laga den, men har ikkje lagt den ut tidlegare. I mangel av noko betre å gjere ein mandags morgon, legg eg ut denne guiden no.
Du kan òg laste ned guiden i .doc viss du vil. (guiden vart levert inn saman med ei portrettoppgåve på skulen og inneheldt difor nokre referansar til denne oppgåva)
Prinsippet
Tanken er at ein skal vippe objektivet slik at bildesirkelen ikkje landar flatt på sensoren. På denne måten kan ein få større eller mindre djubdeskarpheit enn ein ville fått med eit konvensjonelt objektiv. Ein kan òg bruke denne teknikken til å korrigere det såkalla Scheimpflug effekten, noko som er eit matematisk problem som kjem når ein skal ta bilete at t.d. rette geometriske former.

(Over) Bilete med Scheimpflug effekten. Dersom du tek bilete at ein bygning frå bakkenivå, med eit konvensjonelt objektiv, vil det sjå ut som at bygningen blir smalare mot toppen
(Under) Eit korrigert bilete vil sjå slik ut. Her eg bygningen firkanta, i staden for at den blir smalare mot toppen
Dersom eg skulle kjøpt eit profesjonelt tilt/shit objektiv, ville eg vore naudsynt å betale mange tusen kroner. For å spare pengar, bestemte eg meg for å lage eit sjølv.
Gjennomføring
Eit kjapt søk på google presenterte meg for fleire moglegheiter. Nokon brukte eit konvensjonelt 6x6 mellomformatobjektiv montert på ein belg, medan andre brukte gamle Holga objektiver. Det viktigaste er at bildesirkelen på objektivet er større enn 35mm film. Oprinneleg såg innkjøpslista mi slik ut:
1. Mellomformatobjektiv
2. Belg
3. El-teip
4. Fatningsdeksel til Nikon kamerahus
Eg snakka med Antonio Stasi (han har ein fotoforretning i Lille Øvregate og førar mange gamle og brukte kameramodellar og objektiv) om prosjektet mitt, og han foreslo nokre løysningar. Eg kunne kjøpe eit mellomformatobjektiv til rundt 1000 kroner, men dette er meir pengar enn eg ville bruke på dette prosjektet. Han foreslo at eg kunne kjøpe eit gamalt 6x6 rammesøkerkamera med belg, og demontere belgen og objektivet frå kamerahuset. Han hadde to rammesøkerkamera;
- Eit gamalt russisk belgkamera med eit flott 110mm f4 objektiv. Eg tykkjar 110mm er for mykje. Han ville ha 600 kroner for dette, noko som vart litt i meste laget for meg.
- Eit anna belgkamera eg ikkje hugsar merke på, med ei 7,5cm (75mm) f4 linse. Det var eit problem med lukkeren på dette kameraet, så for å få det til å virke måtte eg ha opna objektivet og fjerna lukkeren utan å skade blenderlamellane. Det trur eg ikkje at eg hadde klart.
Det siste alternativet var å kjøpe ei prosjektørlinse som brukast til framkallingsmaskiner. Han ville ha 250 kroner for ei Schneider Kreuznach Componar 75mm f4.5, og eg slo til på dette. Objektiver har blendarlamellar, slik at eg kan stoppe ned utan å berre bruke lukkertid.

(Som du ser på biletet, har objektivet firkanta blenderlamellar. Dette vil gjere at ut-av-fokus høglys (bokeh - om du vil) vil vere firkanta, noko som er lite flatterande.)
For å kunne fokusere med objektivet, måtte eg ha ein bevegeleg belg slik at eg har moglegheit til å endre avstanden frå baksida av objektivet, til sensoren. Først måtte eg måle kor langt fokuspunktet var på uendeleg fokus.

(Eg monterte ein improvisert mattskjerm (pringleslokk) på 0cm på ein linjal. Eg flytta objektivet fram og tilbake, og noterte avstanda mellom objektivet og mattskjermen for å få infinity fokus)
Eg målte avstanda den minste avstanda til 6,3 cm. For å fokusere nærmare måtte eg auke den avstanden.
Reknestykke
6,3 cm
- 4,5 cm
= 1,8 cm
Fokusavstanden (flange) på Nikon D200 er 4,5 cm. Ved å finne forskjellen, veit eg kor langt objektivet må vere frå fatninga for å få evig fokus.
Her er delane eg brukte:

(Fatningsbeskyttar for nikon og linsebeskyttar for canon FD)

(Til belg brukte eg ein sykkelslange)
I tillegg brukte eg ein del elektrikarteip.
Verktøy:
- Superlim
- Kniv/Saks
- Drill med sirkulære borer (til å borre hull i plastdekslene)
- Pussepapir
Framgong:
1. Bor hol i dekslene. Pass på at du ikkje øydelegg fatninga på fatningsdekselet.

2. Lim saman som vist på bilete. Du bør pusse ned rillene på FD dekselet for å få det til å passe betre saman med Nikon fatninga.
3. Skjer eit passande stykke av sykkelslangen. Lenga bør vere rundt 5-6 cm, men det er betre å skjære for mykje enn for lite. Du kan alltids kutte meir seinare. Hugs å skyll den godt, slik at det kvite støvet inni ikkje set seg inne i kamerahuset seinare.
4. Tre gummislangen over fatninga. Dette er den vanskelegaste delen, men med litt krefter skal det gå. Bruk eit skrujern for å tvinge gummien over. Det skal omtrent sjå ut slik som dette:

5. Plasser objektivet i gummislangen. Det skal sjå slik ut:

6. Juster lengda på gummislangen slik at det ikkje blir for mykje til overs når du trykker det ferdige tilt/shift objektivet inn. Kutt det overflødige.
7. Når alt sit på plass kan du teipe rundt fatninga og objektivet, slik at det ikkje løsnar.
8. Og no er du ferdig!
Eksempelbilete:
(Nikon D200 - iso 800)

100% crop:

Dette biletet vart teke med objektivet vidopent på f4.5. Det er ein del skarpare på f5.6 og endå skarpare på f8. Berre hugs at effekten blir mindre tydeleg ettersom dybdeskarpheiten blir større.

100% crop:

Utan tilt:

100% crop:

Som ein ser blir skarpheiten degradert veldig når ein tiltar objektivet mykje. Når objektivet ikkje er tilta, blir resultatet ganske bra.
Diverse:

Kommenter gjerne dersom det er noko du lurar på!

fredag 23. mai 2008
Kortfilmen Skrømt
For nokre veker sidan fekk vi i oppgåve å lage ein kortfilm. Vi fekk utdelt eit manus som vi hadde skrive tidlegare og skulle filmatisere dette. Gruppa mi, beståande av meg, Ole og Marie, fekk utdelt manuset eg skreiv.
Ole fekk i oppgåve å vere regissør, Marie vart produsent og eg tok på meg oppgåva å vere fotograf + teknisk sjef.
Filmen vart filma med panasonic dvx100ae og den heimalaga 35mm adapteren min. Dette vart filma før eg fekk SGproen. Her er nokre bilete frå innspelinga:

OG TIL SLUTT, HER ER FILMEN

måndag 5. mai 2008
Arbeidaranes dag i Ytre Arna 08
På første mai var eg og nokre venar ute i gatene og filma litt, både for å prøve ut den nye adapteren og for gøy. Næringsminister Dag Terje Andersen var på besøk og holdt ein tale, mens Geir Dale var konferansier. I tillegg var ein av dei gamle industriarbeidarane der og haldt ein flott tale om etableringa av fagforeininga i YA.
Det var hovudsakleg eg som filma, men på nokre klipp var det broren min som opererte kamera. Det vart filma med SGpro adapter og nikkor 105mm f2.5
HER ER FILMEN

måndag 28. april 2008
Første test med ny 35mm adapter (SGpro)
For nokre dagar siden mottok eg den nye 35mm adapteren eg bestilte frå england. Adapteren heiter SGpro. I tillegg bestilte eg ein følgefokus, slik at manuellfokusering skal bli enkelt. Tusen takk til Arna og Åsane kulturkontor som innvilga støtte :D
Dei siste dagane har eg laga ein skulderpute og handtak til riggen slik at den skal vere god å filme med utan å bli sliten. Med ei total vekt på sikkert rundt 4-5 kg blir det tungt i lengda. Eg kjem tilbake til riggen seinare.
I går hadde eg lite å gjere på, så då gjekk eg og Bård ut i veien for å filme/fotografere litt. Stort meir er det ikkje eigentleg å seie. Her kjem resultatet:
SJÅ TESTFILM
Musikken er Limo Driver av BigBang.
Oppdatering:
Eg tok nokre bilete av riggen i dag.

torsdag 20. mars 2008
Utplassering i Dale of Norway
Dei siste to vekene har klassen vår vore i uplasseringsjobbar ymse stadar i Hordaland. Eg var så heldig å få vere med Dale of Norway på fotoshoot til Lofoten ei veke. Oppgåva mi på turen var å filme to små promovideoar som skulle visast på skjermar i Dale-butikkar rundtom.
Vi drog frå Bergen tidleg om morgonen og landa i Harstad litt ut på dagen. Her overnatta eg og resten av reisefølget (3 fotografar, 4 modellar, 3 frå Dale) på Thon hotel. På grunn av det fine veret fekk eg filma ein del denne dagen.
På tirsdag var det tidleg opp for å ta hurtigruten til Svolvær. Dette var ein veldig fin tur. Det var fint vær store delar av turen, men på eit tidspunkt slo været om og det var temmeleg mykje snø når vi omsider ankom Svolvær i 19-tiden. I Svolvær sov eg på rom med ein som heitte Kim, som var assistenten til den eine fotografen (Birthe - www.bestfoto.no).
Onsdagen var eg med den gruppa som reiste rundtom i Svolvær og tok bilete. Den andre gruppa var på fjellet og dreiv med offpiste. Det var strålande ver òg denne dagen, så eg fekk mykje brukbart materiale på tape.
På torsdag var vi ute i ribbar på havrafting. Eg var redd for kameraet på denne turen, så eg dekka omtrent alt med teip på førehand. Det gjekk heldigvis bra med både meg og kameraet, og eg fekk mange kule actionbilete.
Fredagen var det heimreise. Stod opp klokken 06.30 og var i Bergen i 14-tiden.
Den neste veka gjekk med til redigering. Eg filma totalt 3,5 timar, så det var mykje jobb med å kutte dette ned til to snuttar på om lag 1 min kvar.
Eg brukte mitt trufaste DVX100ae kamera på turen, samt ein manfrotto 503 + mvb 351 stativkombo på heile turen.
Her kjem det ferdige resultatet:
Dale of Norway- Sport
Dale of Norway - Heritage
Kom gjerne med kommentarar :D
Filmen er òg å finne på Dale sine nettsider.

Går tilbake til norsk - Returning to norwegian
Etter eg skifta språk til engelsk har eg vegra meg meir for å skrive blogginnlegg enn eg gjorde tidlegare. Engelskkunnskapane mine er åpenlyst ikkje like god som norsken min, difor går eg tilbake å skrive god gamaldags norsk.
____________
My english is obviously not as good as my norwegian, so I'm changing back to norwegian. If anyone are wondering what I'm writing, just call out in my comments, and I'll give you a translation.

Abonner på:
Innlegg (Atom)