måndag 15. oktober 2007

Matfotografering

Dei neste vekene skal eg ta bilete at eit utal forskjellege matrettar som ein del av eit skuleprosjekt. Eg har høyrd matfotografering skal vere spesielt vanskeleg, difor prøvde eg meg litt fram i kjellaren i dag.

Til lyssetting brukte eg ein kjempegamal blits (same som eg brukte til dråpefotograferinga) og ein arbeidslampe. Dette tilseier ein del blanda fargetemperaturar, men det gjekk ganske bra. Matfotografering viste seg å vere meget vanskeleg - spesielt berre med ein blits til rådigheit, samt begrensa plass. Eg håpar eg blir betre i dette utover prosjektet.

Eg fekk eit bilete eg vart nokon lunde nøgd med.

1 kommentarer:

Ole Mjelstad sa...

Sweet Jon!
Dette prosjektet kjem du nok fint til å dra i land!